Skip to main content

Oslo Innhaldsliste Namneopphav | Næringsliv | Bydelar | Folkesetnad og økonomi | Namn og utbreiing | Utdanning | Kultur | Kjende personar frå Oslo | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny59°57′N 10°45′E59°57′N 10°45′Ewww.oslo.kommune.noStatistisk sentralbyrå«tigerstden»«Oslo – administrasjon»Oslo før Oslo: Oslos forhistorieMiddelalderbyen ved Bjørvika: Oslo 1000-1536«Eksempel på bruk av Kristiania og Xania om hverandre»«Oslo – næringsliv»Jonas Sæthre: «No er Oslo den dyraste byen på planeten», nrk.no 21. juni 2013«Oslo – offentlige institusjoner og kultur»Oslo kommuneVisitOSLO.com - offisiell reiseguide for OsloVêrvarsel og -kart for Osloyr.noTrafikantenStatistisk Sentralbyrå sitt FaktaarkOpen Guide til OsloOslo BymuseumOslo i bildereutvide hanWorldCatStore Norske leksikonVIAFGNDLCCNNKCGeoNamesBR orgnrMusicBrainz (area)

Byar med 500 000 til 1 million innbyggjararVertsbyar for vinter-OLHovudstader i EuropaOsloFylke i NoregStader frå norrøn tid


NoregOslo kommuneOppegårdBærumAskerSørumRælingenLørenskogSkedsmoNittedalLierRøykenChristianiaKristianiaBjørnstjerne BjørnsonKongenregjeringaStortingetHøgsterettAlnaelvaKristian IVAkershus festningChristianiaKristianiaStortingetOsloAkerheradGamlebyenmellomalderennorrøntlågtyskPeder Claussøn FriisosAlnaNidarosRørosVästeråsGrønlandKjelsåsÅsaneBoråsgudurnordiskenederlandsklatinfonetisk assimilasjon1700-talet1800-taletOpslobybrannen1624BjørvikaKristian IV1800-taletstatlegekvinnesaksforkjemparenAasta HansteenunionsoppløysingaStortingetmellomalderbyensoknaGamlebyenOslo kommuneTenesteytingAlnaBjerkeFrognerGamle OsloGrorudGrünerløkkaNordre AkerNordstrandSageneSt. HanshaugenStovnerSøndre NordstrandUllernVestre AkerØstensjøUniversitetet i OsloNorges veterinærhøgskoleMenighetsfakultetetKunsthøgskolen i OsloArkitektur- og designhøgskolen i OsloNorges musikkhøgskoleNorges idrettshøgskoleHøgskolen i OsloHandelshøyskolen BIfolkehøgskoleRønningen folkehøgskoleNorges KFUK-KFUMDet Norske TeatretNationaltheatretOslo Nye TeaterOperahusetBjørvikaChateau NeufOslo-FilharmonienOslo KonserthusOslo SpektrumFrogner hovedgårdOslo BørsSlottetStortingetlystslottet OscarshallBygdøy kongsgårdMunchmuseetNasjonalgallerietGamle Aker kyrkjeAkershus festningForsvarsmuseetHolmenkollbakkenSkimuseetBygdøyNorsk FolkemuseumVikingskipshusetKon Tiki-museetPolarskipet FramNorsk SjøfartsmuseumOslo bymuseumNorsk Teknisk Museum












Oslo




Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket






Hopp til navigering
Hopp til søk


Denne artikkelen handlar om hovudstaden i Noreg. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oslo (fleirtyding).
Koordinatar: 59°57′N 10°45′E






























Oslo
By

Oslo view.jpg






flagg



Byvåpen


Kallenamn: Tigerstaden
(Den farlege og ubarmhjertige storbyen)

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oslo

Kommune

Oslo

Høgd
23 moh.
Koordinatar

59°57′N 10°45′E

Areal
130,48 km²
 - storbyområde
267,44 km²

Folketal
673 469 (2016)
 - storby
988 873[1]
Folketettleik

3 698 / km²



Ordførar

Marianne Borgen (SV)
 - Byrådsleiar

Raymond Johansen (Ap)

Tidssone
  (UTC+1)
 - Sommartid
  (UTC+2)


Wikimedia Commons: Oslo

Nettstad: www.oslo.kommune.no




Oslo rådhus sett frå sørvest.
Foto: Alexander Ottesen






Karl Johans gate i Oslo sett frå slottsplassen.




Sentrale delar av Oslo sett frå Ekeberg.
Foto: J. P. Fagerback






Akershus slott og festning på austsida av Pipervika sentralt i Oslo
Foto: Hans-Petter Fjeld






Ullevaal Stadion på Sogn i Oslo er nasjonalarena for norsk fotball.
Foto: Wilhelm Joys Andersen






Nationaltheatret T-banestasjon.





Trikken er viktig i Oslo.




Tårnhuset i parken på St. Hanshaugen.





Oslo domkyrkje.




Den romersk-katolske St. Olav domkyrkje.





Muslimsk moské i Oslo.


Oslo uttale  er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. I januar 2016 budde det 673 469 personar i Oslo kommune, og 988 873 i tettstaden Oslo[1], som også strekker seg inn i kommunane Oppegård, Bærum, Asker, Sørum, Rælingen, Lørenskog, Skedsmo, Nittedal, Lier og Røyken.


Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.[2]


Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.[3]


Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.




Innhaldsliste





  • 1 Namneopphav

    • 1.1 Namnet Christiania



  • 2 Næringsliv


  • 3 Bydelar


  • 4 Folkesetnad og økonomi

    • 4.1 Historiske innbyggjartal



  • 5 Namn og utbreiing


  • 6 Utdanning


  • 7 Kultur

    • 7.1 Verdt å sjå i Oslo



  • 8 Kjende personar frå Oslo


  • 9 Kjelder


  • 10 Bakgrunnsstoff




Namneopphav |


Namnet «Oslo» vart opphavleg brukt om tettbusetnaden på staden som vert kalla Gamlebyen[4]. I mellomalderen vart namnet skrive på norrønt mellom anna Anslo, Ásló og Ósló, og vart kjent for fyrste gong i 1225. På lågtysk vart det òg skrive Anslo, truleg for å attgje ein nasal uttale. Peder Claussøn Friis skreiv namnet som Opslo[4][5].


Det har vore fleire ulike måtar å forklåre namnet gjennom tidene og namnets alder er ikkje kjend[4]. Claussøn Friis skreiv i Norriges beskrivelse (utgjeven i 1613) at «Oslo» kjem frå «Loens os». Denne forklåringa har vore skulelektyre i lang tid. Denne teorien er likevel tvilsam på grunn av at det fyrste skriftlege belegget for elvenamnet «Loen» er nettopp Claussøn Friis' eigne Norriges beskrivelse frå 1613 – tidlegare kjelder frå mellomalderen brukar namna «Oln» eller «Eln», og seinare «Alna» eller «Elna». Denne etymologien er òg problematisk or det språklege synspunktet – ifylgje språkforskararane skulle ledda stillast saman omvendt, altso byen måtte ha hatt namnet «Loaros», jamfor Nidaros, Røros eller Västerås, med elvenamnet som fyrsteledd i genitivform[6].


Det siste leddet i namnet vert som vanleg tolka i ljos av det norrøne ordet lo som tyder «slette», «engslette» eller «elveslette». Det som i dag er Grønland var langgrunt sumpig område[5]. Fyrsteleddet har tydelegvis samanheng med det norrøne áss som står anten til «ås», «høgdedrag» (jf. Kjelsås, Åsane, Borås) eller til «gud». Tolkingane er dimed «åssletta» (sletta under åsen) eller «gudesletta» (sletta til gudane, til æsene). Den siste tolkninga vert argumentert for òg ved forholdet mellom den urnordiske forma *ansuR som seinare gav ås og framande skrivemåtar Anslo (på lågtysk og nederlandsk) og Ansloa eller Ansloia (på latin)[7]. Ifylgje Frode Korslund er «Ósló» ei yngre form av «Ásló» som vert tolka som «sletta under åsen». Forskaren meiner at samanlikning med liknande stadsnamn og forhold med lokal topografi stør denne tolkinga. Vokalane á og ó vart i mellomalderen uttalde nokso likt og overgangen frå den eine til den andre forma har hendt ved fonetisk assimilasjon av to vokalar[4]. På 1700-talet og 1800-talet var det vanleg å skrive namnet på gamlebyen «Opslo» eller endå «Opsloe».



Namnet Christiania |


Etter den store bybrannen i 1624 og gjenoppbygginga på vestsida av Bjørvika fekk byen namnet Christiania etter kong Kristian IV. Frå slutten av 1800-talet vart òg skrivemåten Kristiania teken i bruk, fyrst i statlege samband frå 1877 og i kommunale frå 1897. Det vart aldri teke noka formell avgjerd om å gå over til «K» og private kunne skrive namnet på byen slik dei ville. Namnet vart forkorta Chr., Chra, Chria og Xania, i tråd med at bokstaven «X» såg mykje bruk som forkorting for «christ(i)-»/«krist(i)-», òg i personnamn i kyrkjebøker[8].


Frå 1860-åra byrja einskilde framståande kvinner og menn å bruke Oslo i staden for Christiania, mellom anna målarinna og kvinnesaksforkjemparen Aasta Hansteen. Etter unionsoppløysinga i 1905 vart ideen om namneskifte meir aktuell. Handelsstandane i Kristiania motsette seg ideen om namneskifte og hadde fleirtalet i bystyret på sin side. Den 11. juli 1924 slog Stortinget likevel fast ved lov at hovudstaden i Noreg skulle heite Oslo frå og med 1. januar 1925. Sidan Oslo den gongen var namnet på bydelen som omfatta mellomalderbyen og takmarkene – eit område som hamna innom bygrensa ved byutvidingane i høvesvis 1859 og 1878 – måtte denne sokna få eit nytt namn. Ein valde då det uoffisielt innarbeida namnet på det gamle Oslo, Gamlebyen[9].



Næringsliv |


Næringslivet i Oslo brer seg utanfor grensene til Oslo kommune. I økonomisk tyding ser ein gjerne på heile byregionen som ein arbeidsmarknad med eit integrert næringsliv.


Tenesteyting er den desidert viktigaste næringa i Oslo, målt etter talet på sysselsette. Oppbygginga av statsadministrasjonen etter 1814 og byggeverksemda som følgde var sentrale drivkrefter for den sterke veksten til Oslo på 1800-talet. Etter 1950 har den statlege forvaltinga auka sterkt i Oslo, sjølv om mindre delar av statsforvaltninga er flytt ut av byen eller etablert andre stader. I motsetnad til industri og varehandel ligg ein vesentleg del av tenesteytinga i dei sentrale strøka av byen, for ein stor del i bysenteret.


Oslo er ein viktig turistby, både som inngangsport frå utlandet og som turistmål i seg sjølv. Hotella i Oslo har vesentleg høgare utnytting av kapasiteten enn hotella elles i Noreg, særleg som følgje av ein stor del kurs, konferansar og forretningsreisande, som sørgjer ein relativt jamn trafikk over heile året.[10]



Bydelar |


Oslo vart i 2004 delt inn i 15 bydelar med kvar si forvalting og med bydelsutval oppnemnd av bystyret. Sentrum og Oslomarka står utanfor bydelsordninga, sidan desse er rekna som «fellesområde» for innbyggjarane i kommunen. Innbyggjarane her får sine tenestetilbod dekt av den nærmaste bydelen. Bydelane i Oslo er:


Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø



Folkesetnad og økonomi |


  • Oslo vart utpeikt til den dyraste byen i verda i 2013.[11]

  • I tillegg til dei 15 bydelane hadde Oslo sentrum 495 innbyggjarar 1. januar 2004 og eit areal på 1.8 km².


  • Oslomarka hadde 1596 innbyggjarar 1. januar 2004 og ei flatevidd på 301.1 km².


Historiske innbyggjartal |
















18019 500
182515 400
185531 700
187576 900
1900227 700
1925255 700
2003517 401


Namn og utbreiing |






































År
Namn
Utstrekning
<1624
Oslo
Mellom Alna og Hovinbekken
1624-1794
Christiania
Frå Akershus Slott til dagens Stortorg
1794-1859
Christiania
Frå Pipervika til Akerselva til Kroghstøtten til Regjeringsbygget
1859-1877
Christiania
Frå munninga av Frognerkilen til Vestre Aker Kirke til Sandaker til nedsida av Botanisk hage til Galgeberg til Alna
1877-1878
Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen)
Som over
1878-1897
Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen)
Utvida med Bjølsen, Torshov, Kampen, Vålerenga og Gamlebyen
1897-1924
Kristiania
Som over
1924-1946
Oslo
Som over
1946-1948
Oslo

Etterstad blir med
1948-1980
Oslo
Resten av Aker blir med
1980
Oslo
Tangerud blir innlemma


Utdanning |


I Oslo ligg Universitetet i Oslo, som er Noregs eldste og største universitet, grunnlagt i 1811. Av andre høgare utdanningsinstitusjonar kan nemnast Norges veterinærhøgskole, Menighetsfakultetet, Kunsthøgskolen i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Norges musikkhøgskole, Norges idrettshøgskole, og Høgskolen i Oslo med ei rekke utdanningstilbod, mellom anna lærar-, førskolelærar-, journalist- og fysioterapiutdanning. Oslo har også ei rekke andre private og offentlege utdanningsinstitusjonar, mellom anna Handelshøyskolen BI.


I Oslo finst det 111 barneskolar, 50 ungdomsskolar, 27 vidaregående skolar, 6 skolar med voksenopplæring og 14 spesialskolar (per 2016). 37 skolar har spesialgrupper. I tillegg kjem ei rekke private skolar av ulike slag.[12] Det finst ein folkehøgskole i Oslo, Rønningen folkehøgskole, som er eigd av Norges KFUK-KFUM.



Kultur |


Oslo har tre faste teater: Det Norske Teatret, Nationaltheatret og Oslo Nye Teater. Den Norske Opera & Ballett held til i Operahuset i Bjørvika. Revyteatera Chat Noir og Edderkoppen blir brukte til revyoppsettingar, medan Chateau Neuf er blitt brukt til musikkspel. På Rodeløkka finst ei fast scene for frie grupper, Black Box. Den Gamle Logen er restaurert og blir mellom anna brukt som konsertlokale. Oslo-Filharmonien gir sine konsertar i Oslo Konserthus. Større konsertar og sportsarrangement blir lagt til i Oslo Spektrum. Oslo Kino (tidlegare Oslo Kinematografer) har 7 kinoar med til saman 26 salar. I tillegg finst kinoen Soria Moria med 2 salar som blir drivne av Norsk Kinodrift (per. 2008).



Verdt å sjå i Oslo |


Oslo har ei rekke monument av bygnings- og kulturhistorisk art. Av monumentalbygningar i sentrum av byen og indre by kan nemnast Frogner hovedgård (1790-åra), Oslo Børs (1820-åra), Slottet (1820–1840-åra), Stortinget (oppført 1861–66), lystslottet Oscarshall (1847–52), Bygdøy kongsgård (1732) og Bogstad gård (omkring 1800) i ytre by vest. Til dei viktigaste kunstsamlingane høyrer Vigelandsanlegget på Frogner, Munchmuseet på Tøyen og Nasjonalgalleriet. Mange av kyrkjene i Oslo har også særmerkte kunstneriske utsmykkingar. Museet for Samtidskunst held til i Norges Banks tidlegare lokale (oppført 1906). Gamle Aker kyrkje, truleg frå første halvdel av 1100-talet, er mellom dei eldste kyrkjene i Oslo og er den eldste beståande bygninga i byen. Akershus festning, frå inngangen til 1300-talet, er eit viktig historisk minnesmerke, og rommar dessutan Noregs heimefrontmuseum og Forsvarsmuseet. I Holmenkollåsen ligg Holmenkollbakken og Skimuseet, på Ekeberg finst helleristingar og offergroper. På Bygdøy ligg i alt fem museum: Norsk Folkemuseum, Vikingskipshuset, Kon Tiki-museet, Polarskipet Fram og Norsk Sjøfartsmuseum. Oslo bymuseum (Hovedstadsmuseet) ligg på Frogner hovedgård. Byen har også ei rekke kunst- og kulturhistoriske spesialmuseum og museum for naturvitskap og teknikk, mellom anna Norsk Teknisk Museum på Kjelsås.[12]



Kjende personar frå Oslo |



  • Bernt Anker (1746–1805), kammerherre, godseigar, forretningsmann


  • Peter Chr. Asbjørnsen (1812–1885), forfattar og naturvitar


  • Lauritz Bergendahl (1887–1964), skiløpar


  • André Bjerke, (1918–1985), forfattar og diktar


  • Ketil Bjørnstad, forfattar


  • Kjell Bækkelund (1930–2004), pianist


  • Finn Carling (1925–2004), forfattar


  • Lars Saabye Christensen, forfattar


  • Torbjørn Egner (1912–1990), forfattar


  • Jostein Gaarder, forfattar


  • Viggo Hansteen (1900–1941), jurist, politikar


  • Jens Christian Hauge, leiar for heimefronten, politikar


  • Espen Haavardsholm, forfattar


  • Sigurd Ibsen (1859–1930), forfattar, og statsminister i Stockholm


  • Jan Kjærstad, forfattar


  • Egil Monn-Iversen, komponist


  • Wenche Myhre, songartist


  • Odd Nerdrum, kunstmålar


  • Jo Nesbø, musikar og forfattar


  • Rudolf Nilsen (1901–1929), lyrikar


  • Tove Nilsen, forfattar


  • Rikard Nordraak (1842–1866), komponist


  • Arild Nyquist (1937–2004), forfattar


  • Christian Schibsted (1812–1878) boktrykkjar og forleggar


  • Johan Svendsen (1840–1911), komponist


  • Radka Toneff (1952–1982), jazzmusikar


  • Petter Vennerød, filmregissør


  • Rolf Wickstrøm (1912–1941), fagforeningsleiar


Kjelder |




  1. 1,01,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.


  2. «tigerstden». Store norske leksikon. 23.01.2013. Henta 11. september 2016. 


  3. «Oslo – administrasjon». Store norske leksikon. 26.09.2011. Henta 11. september 2016. 


  4. 4,04,14,24,3 Korslund, Frode (2011): Navnet Oslo. Namn och bygd, årgang 99, s. 87-93.


  5. 5,05,1 Thuesen, Nils Petter (1995). Oslo før Oslo: Oslos forhistorie. Oslo: Pax. ISBN 8253017499. 


  6. Nedkvitne, Arnved (2000). Middelalderbyen ved Bjørvika: Oslo 1000-1536. [Oslo]: Cappelen. ISBN 8202191009. 


  7. Wetås, Åse (2000): Namneskiftet Kristiania – Oslo. side 51–75. – Novus forlag, Oslo. ISBN 82-7099-325-5.


  8. «Eksempel på bruk av Kristiania og Xania om hverandre». ellisislandrecords.org (Engelsk). The Statue of Liberty-Ellis Island Foundation, Inc. Henta 2. juni 2009. 


  9. Bård Alsvik: ««Oslo leve!» – Om navneendringen fra Kristiania til Oslo», Tobias 2001/1


  10. «Oslo – næringsliv». Store norske leksikon. 17.06.2009. Henta 11. september 2016. 


  11. Jonas Sæthre: «No er Oslo den dyraste byen på planeten», nrk.no 21. juni 2013


  12. 12,012,1 «Oslo – offentlige institusjoner og kultur». Store norske leksikon. 26.08.2016. Henta 11. september 2016. 



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oslo


  • Oslo kommune

  • VisitOSLO.com - offisiell reiseguide for Oslo


  • Vêrvarsel og -kart for Oslo frå yr.no

  • Trafikanten

  • Statistisk Sentralbyrå sitt Faktaark

  • Open Guide til Oslo

  • Oslo Bymuseum

  • Oslo i bilder




Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Oslo&oldid=3149870»










Navigasjonsmeny


























(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.896","walltime":"1.205","ppvisitednodes":"value":11729,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":91570,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":28288,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":26,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":0,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":9881,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 991.449 1 -total"," 57.00% 565.088 1 Mal:Geoboks"," 22.87% 226.760 2 Mal:Koord"," 21.70% 215.173 2 Mal:Koord/input/dm"," 21.46% 212.776 2 Mal:Coor_link"," 20.40% 202.267 1 Mal:Geoboks2_koord"," 19.70% 195.270 1 Mal:Koord/vising/pålinje"," 19.70% 195.269 2 Mal:CountryAbbr"," 18.31% 181.540 1 Mal:Fotnoteliste"," 15.05% 149.246 1 Mal:CountryAbbr2"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.165","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":3769000,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1271","timestamp":"20190712015322","ttl":86400,"transientcontent":true););"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Oslo","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Oslo","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q585","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q585","author":"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta","publisher":"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png","datePublished":"2004-11-15T23:33:18Z","dateModified":"2019-06-17T09:34:42Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/b/b4/Oslo_view.jpg","headline":"hovudstad og fylke i Noreg"(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgBackendResponseTime":1407,"wgHostname":"mw1271"););

Popular posts from this blog

Canceling a color specificationRandomly assigning color to Graphics3D objects?Default color for Filling in Mathematica 9Coloring specific elements of sets with a prime modified order in an array plotHow to pick a color differing significantly from the colors already in a given color list?Detection of the text colorColor numbers based on their valueCan color schemes for use with ColorData include opacity specification?My dynamic color schemes

Invision Community Contents History See also References External links Navigation menuProprietaryinvisioncommunity.comIPS Community ForumsIPS Community Forumsthis blog entry"License Changes, IP.Board 3.4, and the Future""Interview -- Matt Mecham of Ibforums""CEO Invision Power Board, Matt Mecham Is a Liar, Thief!"IPB License Explanation 1.3, 1.3.1, 2.0, and 2.1ArchivedSecurity Fixes, Updates And Enhancements For IPB 1.3.1Archived"New Demo Accounts - Invision Power Services"the original"New Default Skin"the original"Invision Power Board 3.0.0 and Applications Released"the original"Archived copy"the original"Perpetual licenses being done away with""Release Notes - Invision Power Services""Introducing: IPS Community Suite 4!"Invision Community Release Notes

199年 目錄 大件事 到箇年出世嗰人 到箇年死嗰人 節慶、風俗習慣 導覽選單